BOND ER DØD
Daniel Craig er blitt kåra til den beste James Bond - han er verre enn George Lazenby. Det er godt å få sagt det. I går såg eg Quantum of Solace. Terningkast 2. Historien kan forteljast i ei setning. Bond drep på ulike måtar ein gjeng som prøver å stele vatnet frå folk i Bolivia, og han gjer det utan å bry seg. Eg har eit langt og godt forhold til James Bond. I 40 år har han sjarmert og ekspedert, berga kloden og til slutt hamna i armane på den vakraste. Roger Moore kunne skyte medan han forførte og levere understatements ved å rette på smokingsløyfa. Sean Connery var den høgaste og mørkaste i den kalde krigen og Pierce Brosnan leverte "ein munnfull" til Halle Berry. James Bond har alltid vore først, sterkast, raskast og nyskapande. Då eg såg siste Jason Bourne filmen tenkte eg at her får Bond- produsentane ei utfordring. Dette klarer dei ikkje å overgå. Matt Damon er glitrande i rolla som Jason Bourne- historien er spanande og action- scenene forrykande. I Quantum of Solace har Daniel Craig to ansiktsuttrykk; alvorleg og litt mindre alvorleg. "Moneypenny" og "Q" er borte. At han får seg kvinnfolk er uforståeleg, og når han får det slikker han henne kun litt på ryggen. My god. Han drikk heller ikkje ein einaste dry martini, men seks gin/vodka med appelsinskal eller kva det no var. Det er til å gråte over. Bond er ikkje lenger. Daniel Craig er kanskje ein action- helt, men han er ikkje James Bond. Slutt å kall han det. Bond er død. Lenge leve James Bond.
ALARM PÅ DIREKTEN
Så gjekk brannalarmen på Landstinget. Midt under direktesendinga frå høgskule- bygget i Volda ringte klokka, og det var ikkje til friminutt. Det er i slike stunder du er glad for å ha nokre år på baken som programleiar. Alle kjente røyklukta, og eg trur dei nær 400 i salen forstod at ho kom frå peisen bak programleiaren.
Eg var klar til å gi evakueringsordre sjølv om debatten om den norske skulen hadde tatt fyr. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell klarte på imponerande vis å halde fokus sjølv om alarmklokkene dundra i lokalet. Eg vurderte å gå rett i reklame, men det er reglar for når dei skal sendast. Derfor følgde eg køyreplanen. Vi var nemleg heilt sikre på at det var røyk frå peisen som utløyste spetakkelet. Røyken kom ut i romet og la seg under taket. Det blir full tenning av slikt.
I kulissene blei det jobba intenst for å avklare situasjonen. Eg var klar til å skildre ei evakuering av lokalet, og tenkte på korleis det skulle gjerast medan kunnskapsminister Solhjell var midt i ei utgreiing om forskjellen på norsk og finsk skule.
Så var det tid for reklame og avklaring. Medan resten av landet fekk råd om kva dei skulle kjøpe kom meldinga på øyret om at alt var under kontroll. Landstinget kunne fortsette.
I ettertid er det kome kritikk mot TV2 for at vi ikkje evakuerte med ein gong. Vi var frå første stund så sikre på at røyk frå peisen utløyste alarmen at vi tok oss tid til å vente. I ettertid er eg sikker på at vi gjorde rett i det. Høgskulebygget i Volda er lett å evakuere frå, og det hadde gått fort sjølv om det var nesten 400 personar i salen. Vakthavande brannbefal i Volda Stig Husevåg seier også til Sunnmørsposten i dag at han ikkje finn grunn til å kritisere TV2 for sein reaksjon på brannalarmen. Kva meiner du?
LÆRARAR SOM MOBBAR
Kvar tiande elev i den norske skulen blir mobba av læraren sin. Det viser tal frå elevgranskinga i år. Leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, trur ikkje på granskinga. Då eg gjekk på skulen var ikkje mobbing etablert som omgrep, men vi visste kven av lærarane som slo.
Ein kjenning av meg blei banka opp av gymlæraren sin fordi han reagerte på at dusjen blei skrudd av før han fekk vaska av seg såpa. Ein annan blei slått fordi han forsvarte seg verbalt. Det var ikkje uvanleg på syttitalet, men det var ikkje lov då heller. Vi snakka om lærarane som slo, og vi synest synd på dei. Vi synest dei var taparar, men vi laga ikkje noko styr. Vi melde dei ikkje til politiet eller kravde at foreldra våre aksjonerte. Mobbing var eit ukjent ord.
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vedgår at skulen har ein lang veg å gå før det blir slutt på at lærarar mobbar elevar. Å mobbe kan vere å kommentere utsjånaden til ein elev, henge ut, eller latterleggjere. Det kan svi og brennemerke.
Men det kan også vere at læraren ber eleven om å oppføre seg, gjere leksene og kreve bidrag til å skape ei god stemning i klasseromet. Ikkje alle elevar er vane med å måtte følgje ordrar eller bli snakka hardt til.
Eg er far til tre søner. Ikkje ein einaste gong har nokon av dei fortalt om lærarar som mobbar. Dei har hatt lærarar som ikkje har klart å motivere, men også lærarar som vi foreldre gjerne hadde løfta på gullstol.
Onsdag møtes vi til Landsting i Volda. Skulebygda er klar til å vise seg fram for resten av landet. Det kjem til å bli stappfullt i Berte Kanutte Aarflot -huset. Lærarar som mobbar blir eit av tema. Kva meiner du bør gjerast for å få slutt på uvesenet?


